Enkelbok.no rettleier deg gjennom designprosessen og skapar vakre publikasjonar – med full kontroll på utgiftene.
Finn den designpakken som passar prosjektet ditt best, betal og vi kjem i gong dagen etter.
Unngå vekelange vurderingar om nøyaktig sidetal, korrektur-rundar, kontraktar og øvrige vilkår. Eg har faste prisar på ombrekkingsarbeidet. Bestem deg i dag og kom i gang med formgjevinga i morgon.
Send meg ferdig korrekturlest tekst og dei bileta du vil bruka.
Eg formgjev klassiske og fine boksider som følgjer etablerte typografiske prinsipp. Du kan vere trygg på at boksidene blir lesbare og flyt godt.
Vegen er kort frå godkjend utkast til trykkeklar fil.
Vi held løpande kontakt og du får daglege oppdateringar til vi er i mål.
Eg kan også hjelpa deg med å ordna trykking.
Mange skribentar, lag og verksemder har tankar om å setja saman ei bok, enten det er ei novellesamling, ei årbok, eit lokalhistorisk dokument eller ei anna samling av materiell ein vil dela med verda. Vegen frå idé til du held ei ferdig bok i hendene kan vere lang og kronglete. Enkelbok.no gjer reisa enklare og syt for at boka blir vakker og lesbar.
Etter 15 år med grafisk formgjeving av lokale bøker i mindre opplag, har eg lært eitt og anna om prosessane i eit bokprosjekt på lokalt plan, kva ein må tenkja på og kva det kostar. Og sjølv om ei kvar utgjeving er unik, så er også mykje likt. Denne erfaringa har ført til at eg no tilbyr eit rammeverk for bokdesign, som gjer at du kan koma i gang med å realisera bokprosjektet ditt med éin gong.
Eg er ein grafisk formgjevar som gjer om bilete, illustrasjonar og tekst til lesbare og meiningsfulle publikasjonar. I tillegg rettleier eg i alt det andre som skal gjerast rundt ei bokutgjeving. Når du teiknar ein avtale med Enkelbok.no vil du få informasjon og inspirasjon om design, prosess og tilgang til kommunikasjonsverktøy der du til ei kvar tid kan sjå kor vi er og halda ein dialog med formgjevaren undervegs.
Eg vonar du vil prøva Enkelbok.no i bokprosjektet ditt.
Med vensam helsing
Kristen
Kristen Børje Hus
Grafisk formgjevar
Send e-post
Bra for diktsamlingar, pamflettar, hefte og katalogar.
+ MVA
Bra for klassiske romanar og aktuelle sakprosabøker.
+ MVA
Bra for større tekstar og solide oppslagsverk.
+ MVA
Designpakkane du kjøper her passar for dei fleste ukompliserte bokproduksjonar med få bilete og løpande tekst der innhaldet blir levert ferdig. Har du større bokprosjekt med meir komplekst innhald som register, referanselister, fotnoter, mange bilete og illustrasjonar som skal lagast eller retusjerast, ynskjer eg at du tek kontakt slik at eg kan gje deg eit meir detaljert prisoverslag.
Medan du tenkjer kan du senda meg ein tekst på opp til 5000 ord, så kan eg setja ein prøve til deg. Du får ei PDF-fil med teksten (og opp til tre bilete) som døme på korleis sidene kan sjå ut. Dette kan vere med på å visualisera nytten ved ein god boksats og liggja til grunn i avgjerda om kjøp av designtenester.
+ MVA
Bestill ein designpakke no og du sikrar plassen din i køen. Når alt materiell er levert formgjevar burde det ikkje ta meir enn éi veke før vi kan gå gjennom første utkast.